torsdag 24. desember 2009

Det er julafta..

Og DET skjønar eg ikkje heilt. Men dette vert ein veldig bra dag, det er eg heilt sikker på! Me skal ete graut med mandel i (trur ikkje eg har fått mandelen ein einaste gong..), me skal sjølvsagt i kyrkja og flinke Karina skal spele, me skal innom til Bestå og Besten og seie god jul, og så skal heile familien og mormor feire jul saman i kveld. Og det beste er jo at me feirer DEN BESTE, Jesus! Kan det bli betre? Det trur eg ikkje.

Litt ved-køyring måtte til sjølv om det er julafta..
Ei kvit jul har me ikkje hatt på mange år, så det er veldig kjekt at det ser sånn ut no!

Laika er også glad. :)

Då vil eg til slutt ynskje alle ei fantastisk GOD JUL!

tirsdag 22. desember 2009

God tur te Nordsjøen, Linda!

Du e så fine på alle måta! :)

lørdag 19. desember 2009

Juletresalg med pappen

I desember selge pappa juletre, og i dag var eg og Karina med. Det var kjekt, men vart litt for masse snø og vått på slutten av dagen..

Her e pappa i full gang med jobbing
Karina står med ein fin snømann som naboane laga
Masse snø...
...og ei litt lei og kald Vibeke på slutten av dagen.
Men det var ein koselig dag, og ikkje minst, julestemnig!

lørdag 12. desember 2009

I kveld

Gode klemma smil Dolly
oreo prat Glede latter
vandring i byn Vennskap

Takknemlighet.

Eg set pris på gode vener. Kristin er ein av dei.

fredag 11. desember 2009

Eg e imponert!

På Bildøy har det nettopp vore pepperkakehus-konkurranse, og folk har jammen vore kreative! 6 forskjellige grupper og resultat:
Mummihuset stakk av med seieren!
Ei flott borg
Glitterhus
E'kje heilt sikker på ka dette skal forestille men..
Bibelen med stallen på toppen
Ein villa med ein rosa bil, utedo og eit litt mindre hus
Som sagt: Eg e imponert!

søndag 29. november 2009

Julemesse på Bildøy

I går var det julemesse her på Bildøy, og det var veldig koselig! Det kom masse folk utanfrå, så det vart ein fullsatt gymsal.
Me på disippellinja var så heldige å få vere med på eit skodespel, og her er Josef, Maria og hyrdene på plass.
Kva er vel eit julespel utan syngande englar?
Eit barnekor frå Betlehem sang nokre songar
Ingelin og Hildegunn hadde ein liten release-konsert for den nye juleplata deiras, Barnet i krybben. Vakkert!
Musikklassen sang nokre songar, og dei er flinke!
Mary Therese og meg bak kiosken
"Gratulerer! Du har vunnet en laks." Heldige Johanne.
Alle foto: Maria Risanger.

Det er 1. søndag i advent i dag, og adventstaken min er komt godt til rette i vinduskarmen. Herlig!

mandag 23. november 2009

I dag e eg i dårlig humør. Det e ganske drit. Håpe konsert med Music Mission seinare i kveld gjer meg litt gladare.